Suksess for skigruppa / trimgruppa.

  • doc_3264_2
  • doc_3264_13
  • doc_3264_14
    Gisle Aaland frå skigruppa fekk mange å registrere på fyrste Sunnylvscup på ski 2013.

Fyrste renn i Sunnylvscup på ski let vente på seg grunna snømangel, men erstatninga og samarbeidet mellom skigruppa og trimgruppa vart ein suksess. Heile 93 unge og eldre vart registrert på trimtreffet i Frøysadal onsdag kveld.

Sunnylvscup på ski skulle vore i gong i Hyttehola, men snøen manglar. Difor vart trimturen frå Frøysa til Frøysadal rekna som fyrste renn i Sunnylvscup på ski 2013.
Oppslutninga var imponerande sjølv om gradestokken viste 14.5 minus på Frøysa onsdag kveld. Heil 93 deltakarar i alle aldrar vart registrert i Frøysadal ved vegkrysset til Djupgjølet i lyset frå haudelykter og ein veksande måne.

Mange spreke deltakarar og eit ”sprekt” arrangement av skigruppa og trimgruppa i Sunnylven IL.
Alle registrerte var med i trekning av gevinstar, premiar som var gjevne av Exxon Mobil.

Vinnarar:
-Kikkert: Marit Hellebostad
-Kikkert: Olene Lade
-Mikrofiber handklede: Wenche Wollsæter
-Mikrofiber handklede: Jostein Ringdal
-Drikkeflaske: Trine Tryggestad Forbord
-Drikkeflaske: Jorun Trøen

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380