Lokalnytt

Sunnylven Pensjonistlag kjøper nye aksje

Knut J. Tryggestad fekk takk og blomar frå styret overrekt av Solveig Høgalmen.
Knut J. Tryggestad fekk takk og blomar frå styret overrekt av Solveig Høgalmen.

Årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag vedtok å auke laget sin aksjepost i Peer Gynt Galleriet a/s på Hellesylt med nye 10.000.- kroner. Vedtaket var samrøystes.

Styret i Peer Gynt Galleriet a/s har sendt ut innbygding til auka aksjeteikning i kunst -og servicesenteret. Det nyskipa selskapet overtok i fjor vår eit selskap i minus og mykje av driftskapitalen gjekk med til kjøp av utstyr.
No stor det føre utbetringar og vedlikehald av anlegget og i det høve ynskjer selskapet å auke aksjekapitalen.

Det ville Sunnylven Pensjonistlag vere med å bidra til. Frå før har laget kjøpt for 10.000.- kroner i aksje, og no vedtok årsmøtet samrøystes å gå inn for å doble beløpet. Dermed har Sunnylven Pensjonistlag kjøpt aksje for til saman 20.000.- kroner i Peer Gynt Galleriet a/s.

Ny styreleiing
Knut J. Tryggestad har vore styreleiar i Sunnylven Pensjonistlag i mange år. Til årsmøtet hadde han sagt frå seg attval.
Valnemda hadde ikkje lukkast å finne erstattar til Tryggestad, men eit fulltallig styre kom på plass. I styret er desse med:
Lilli-Karin Ljøen, Solveig Høgalmen, Ottar Lageland, Jan Erik Øksvang, Oddmund Fivelstad og Magne Hole (ny).
Varamedlemer: Gunnvor Parr (ny), Odd Jostein Bjørdal.
Valnemd: Ruth Tronstad, Olga Taraldset, Knut J. Tryggestad.
Lilli-Karin Ljøen blir kontaktperson for laget og Jan Erik Øksvang møte -og festleiar.

Til opning under årsmøtet las Oddmund Fivelstad dikt av Martin Ørjasæter, Harald Tronstad og Ivar Ringdal.
Odd Jostein Bjørdal viste gamle bilete frå Hellesylt og Sunnylven, både av bygningar og av folk, dei fleste kjende for årsmøtelyden.
Sunnylven Pensjonistlag har 75 medlemer og kontingenten vart fastsett til kr. 275.-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380