Teikna om fred.
Sist haust lyste Lions Norge ut ein teiknekonkurranse for elevar i 6. og 7. klasse der temaet var fred. Ved Sunnylven skule gjekk heile mellomsteget saman og teikna om fredsprosjektet 2012.
Med den landsomfattande konkurransen ønska Lions å fremje kreativitet og fredstanke hos born og unge.
Lions Club Hellesylt gav utfordringa til Sunnylven skule. Der tok like godt heile mellomsteget oppmodinga og elevane forma sine fredstankar med flotte illustrasjonar på teikneark.
Teikningane vart ikkje sendt inn til landskonkurransen, men denne veka fekk elevane si belønning frå representantar for den lokale Lions-klubben.
I alt 25 elevar deltok og fredag fekk dei kvar sin diplom og i tillegg 750.- kroner til fri bruk.
Pengane skulle gå inn i reisekassa for klassetur seinare i år, sa lærar Kari Hauso Stadheim.
Ho tok i mot og takka så mykje til Olga Taraldset og Arne Inge Tryggestad frå Lions Club Hellesylt.
Kari Hauso Stadheim rosa elevane for gode tankar som dei hadde forma så flott på teikneark. Teikningane var både fantasirike og nøyaktige og med gode ord om det som skaper fred.
Å lage ei fin teikning tek tid, men å skape fred er ofte enno meir tidkrevjande og hardt arbeid, sa ho. Ho tykte elevane hadde fått fram mykje av det som skal til, både av kreativ tenking og vurdering for å skape fred. Og teikningane var på eit høgt nivå, også samanlikna med dei som var med i landskonkurransen.
Også Olga Taraldset som delte ut diplom og pengegåve frå Lions Club Hellesylt rosa elevane for flotte arbeid. Ho var glad for å få gje noko tilbake for innsatsen og ho håpa fredsprosjektet til Lions hadde inspirert og måtte få leve.