Lokalsport

Trygve Aaland Tryggestad på åttande plass

Trygve Aaland Tryggestad kom i mål til ein sterk 8. plass på sprint under NC skiskyting i Mo i Rana søndag. (Foto: Annvor Tryggestad)
Trygve Aaland Tryggestad kom i mål til ein sterk 8. plass på sprint under NC skiskyting i Mo i Rana søndag. (Foto: Annvor Tryggestad)

Team Statkraft Nordfjord kom sterkt tilbake på søndagens skiskyttersprint i NC skiskyting i Mo i Rana. Det vart gull til Heidi Flo Bødal i K19 og Isak Flo Bødal i M18, og sølv til Andrea Skeide Bakke i K 17, alle frå Stårheim IL.

Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL leverte eit flott løp på sprint søndag under Norgescup i skiskyting. På Skillevollen stadion i Mo i Rana gjekk han i mål til ein sterk åttande plass i M 18. I same klasse vart klubbkamerat Helge Kvam Karbø nr. 23 av 39 som fullførte.

Øvrige lokale resultat:

K18: Nr 8 Mari Sollid Eide, Stårheim IL, Nr 25 Kristin Heggen, Stårheim IL

K19: Nr 16 Helene Støve Otterdal, Hornindal IL

M17: Nr 11 Erlend Solhaug Myklebust, Stårheim IL, Nr 23 Fredrik Munch Starheim, Stårheim IL, Nr 40 Jørn Smørdal Botn, Stårheim IL Nr 41 Georg Hallsteinslid, Markane IL

M18: Nr 8 Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven IL, Nr 20 Lars Midthjell Gjørven, Markane IL, Nr 23 Helge Kvam Karbø, Sunnylven IL, Nr 37 Steinar Åland, Hardbagg IL

M19: Nr 6 Johan Eirik Meland, Markane IL, Nr 44 Vebjørn Hjelle, Stårheim IL

M20/21: Nr 8 Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL, Nr 24 Ole Martin Erdal, Førde IL

Helge Kvam Karbø viste gryande storform og sikra seg 23. plass i M 18 under NC i skiskyting. (Foto: Annvor Tryggestad)
Helge Kvam Karbø viste gryande storform og sikra seg 23. plass i M 18 under NC i skiskyting. (Foto: Annvor Tryggestad)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380