Anniken Hjellbakk Hole vann langrenn

Premiepallen for damer etter langrennet i studentleikane. Anniken Hjellbakk Hole i midten. (Foto: Marthe Hole)

Premiepallen for damer etter langrennet i studentleikane. Anniken Hjellbakk Hole i midten. (Foto: Marthe Hole)

Anniken Hjellbakk Hole var suverent best då ho deltok i eit langrenn i studentleikane ved NTNUI i Trondheim sist helg. Anniken gjekk for Oslo-studentane.

Anniken Hjellbakk Hole spissar forma mot det 54. km. lange Birkebeinerrennet som blir arrangert laurdag 16. mars. Som god trening deltok ho i eit langrenn på nesten ”Birken”-lengde ved NTNUI i Trondheim.
Det vart suveren siger for idrettsjenta som har representert Sunnylven IL, men som under studentleikane gjekk for Oslo-studentane. Sigersmarginen var på nesten fem minutt.
Anniken Hjellbakk Hole, 1.58.50
Marit Vala, 2.03.04
Berit Gjelten 2.05.32

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380