Årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag

Sunnylvsbygda grendahus.

Sunnylvsbygda grendahus.

Sunnylvsbygda grendalag held årsmøte tysdag 12. mars. Utanom vanlege årsmøtesaker blir fleire tema med tilknyting til grendalaget teke opp til drøfting.

Program:

1. Årsmøte
2. Etter årsmøtet vil vi ta opp til drøfting følgjande emne:
– Kva tiltak skal vi prioritere m.o.t. vedlikehald av grendehuset?
– Kva arrangement skal vi gjennomføre i 2013
– Kva rolle skal grendelaget spele i World Base Race 2013

Sakliste for årsmøtet:
Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka
Godkjenning av møteinnkalling og vedtak om saklista
Årsmelding for 2012 (vedlagt)
Rekneskap for 2012 (vert lagt fram i møtet)
Medlemspengar for 2013
Val av leiar, styremedlemer, varamedlemmer, ettersynspersonar og valnemnd

Framlegg frå valnemnda vert lagt fram på møtet.
Gratis servering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380