Lokalnytt

Auka utlån ved Sunnylven bibliotek.

-

Sunnylven bibliotek vart skipa 13. november i fjor og flytta inn i lokale i Sunnylven kyrkjelydshus. Nyleg heldt biblioteket si fyrste ordinære årssamling.

Det stod vanlege årsmøtesaker på kartet då ei mindre gruppe støttemedlemer møtte til årsmøte i biblioteket sine lokale. Både ei fyldig årsmelding, rekneskap og andre saker vart klubba igjennom samrøystes.

I samband med behandling av budsjettet for 2012 vedtok Stranda kommune å legge ned biblioteket i Sunnylven. Mange reagerte på vedtaket og Sunnylven bibliotek vart skipa. Kommunen betalar lønna til bibliotekstyraren, andre utgifter blir dekt av bygdefolket.

Biblioteket har hatt godt besøk og auka utlån av bøker sidan opninga. Heile samlinga inneheld rundt 20.000 bøker.
Økonomisk har det fyrste året gått i pluss etter gåver frå lag, organisasjonar og enkeltpersonar.
Budsjett for 2013 syner ei samla utgift på 24.000.- kroner.

Under skipinga i 2012 vart styret i biblioteket vald for to år.
Styret er:
Leiar, Odd Jostein Bjørdal, styremedlem, Mariann Sundgot Frøysa, Kari Hauso Stadheim.
Varamedlemer:
1. Oli-Anne Sjåstad, 2. Anette Frøysa.

Årsmøtet vedtok ein arbeidsplan for komande år. Arbeidsoppgåver for styret blir økonomiske tiltak, utviklingsarbeid med supplering av bøker, og marknadsføring for enno større bruk av biblioteket.
Tre tysdagar i mars, 5. mars, 12. mars og 19 mars blir det tilstelningar med kaffi, kaker og utloddning i biblioteket sine lokale i opningstida mellom kl. 16.30 – 18.30.

Årsmøte vedtok å innføre ein kontingent på 100.- kroner for kvar støttemedlem i Sunnylven bibliotek.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380