Forlenger fristen for aksjeteikning
Fristen for nyteikning av aksjer i Peer Gynt Galleriet a/s er forlenga til 1. mars. Til no har leiinga registrert 282.000 kroner i ny aksjekapital.
Målet var minst 300 nye aksjer, kvar på 1.000.- kroner då leiinga i Peer Gynt Galleriet a/s på Hellesylt inviterte til emisjon for selskapet.
Det vart sett frist til 15. februar for teikning, noko ikkje alle interesserte oppfatta, har leiinga registrert. Difor er fristen no utvida til 1. mars 2013.
Styret ved leiar Øystein Ljøen retter stor takk til alle som har gått inn med ny aksekapital, men håper at enno fleire vil kome til fram til 1. mars slik at ein når målet på minst 300.000.- kroner, og han legg til:
-I lag bergar vi kunsten og huset vårt for framtida på Hellesylt.