Gjekk Stenfjellrunden.

Hans Kristian Stadheim.

Hans Kristian Stadheim.

Hans Kristian Stadheim representerte Lyn ski då han deltok i det 42.5 km. lange turrennet Stenfjellrunden laurdag.

Det var fine forhold i løypene på Gåsbu ved Hamar, same stad som NM på ski vart arrangert sist veke.

Hans Kristian Stadheim kom i mål til 11. plass i klasse 25 – 29 år på 2.19.11. Tida heldt til 47. plass totalt i løpet der 900 stilte til start.
Vinnar av kl. 25 – 29 vart Ola Erik Heen Moe, Gjerdrum IL, 2.09.08.

I klasse 45 – 49 gjekk Svein Arne Nakken, Velledalen IL inn til 27. plass på 2.33.54.

Thomas Gifstad, Oppegård IL fekk best tid i Stenfjellrunden uansett klasse menn, 2.06.59, og Sofie Johansson uansett klasse kvinner, 2.29.16.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380