Lokalsport

Gode i Holmenkollen skimaraton

Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim var godt nøgde med sine prestasjonar i Holmenkollen skimaraton.
Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim var godt nøgde med sine prestasjonar i Holmenkollen skimaraton.

Årets Holmenkollen skimaraton vart ei massemønstring med 8000 spreke skiløparar over 24. eller 54. km. Til start i 18 minusgrader stilte også Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim.

Både Anniken og Hans Kristian jobbar eller går skule i Oslo, men hadde gamleklubben Sunnylven IL synleg på startlista. Og det gjekk fort med begge i 54. kilometer.

Anniken Hjellbakk Hole kom i mål til 7. plass i K 20 – 24 med 3.28.53, ei sluttid som heldt til 22. plass uansett klasse for damer.

Hans Kristian Stadheim gjekk løypa frå Sørkedalen til Holmenkollen på 2.56.18. Det var godt nok til 23. plass i M 25 – 29, eller 78. best uansett klasse for menn.

Begge var strålande nøgde med plasseringane. Anniken mangla litt på perfekte ski og tykte det var kaldt i starten, sa ho. Men den gode langrennsforma er i anmarsj så det lovar bra fram mot Birken 16. mars.
Det same kunne Hans Kristian slå fast etter målgang. Og i tillegg til god sluttid var han smilande over å vinne eit veddemål mot to andre klubbtrenarar i Oslo om beste av dei tre i Holmenkollen skimaraton.

Sigeren i dameklassa gjekk til Solfrid Braathen, Høybråten & Stovne, 14. sekund føre Sandra Hansson.
Eldar Rønning, Skogn vann sekundstriden i klassa for menn. Frå første til Hans Christer Holund, Lyn ski på fjerde plass var avstanden 8. sekund.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380