I solfylte Puerto Rico

Reidun og Knut J. Tryggestad frå Hellesylt har funne sitt ferieparadis. I heile seks veker skal dei nyte sol og varme i Puerto Rico.
For femtande år har Reidun og Knut lagt ein langferie til Grand Kanaria.
Dette er ein god plass for oss litt oppe i åra, seier dei. Vi møtte dei to til prat og lunch på uterestauranten Venezia. Då var to av seks veker tilbakelagt så fyrst til påske er dei heime på Hellesylt igjen.
Opphaldet på soløya vest for Afrika har bokstaveleg tala vore strålande. Det har blitt mange varme og solfylte dagar, og dei bur godt i stor leilegheit saman med bror til Reidun og kona hans. Med felles opphaldsrom og kjøkken, men med to soverom og to bad er det nok av plass, synest dei. Og framfor hotell Riosol er ein stor tumleplass for ulike aktivitetar.
Hotellet ligg oppe i høgda så frå der dei bur til sentrum er det både bratt og langt. Dagleg blir det rusleturar i terrenget rundt og til sentrum. Er dei i tvil om dei orkar å gå bakkane tilbake til hotellet kan dei ta drosje. Det er som alt anna rimeleg, ikkje meir enn 4.5 euro. Det same kostar avisa VG som kjem dagsfersk til Puerto Rico.
Andre prisar er heller ikkje å bli skremd av. Ein god lunch eller middag kostar kring 80.- kroner, ein halvliter øl ca. 20.- kroner og ei flaske vin 50.- kroner.
I ferieparadiset sitt kan Reidun og Knut oppleve så mangt. Forutan å gå turar i terrenget etter gode, opptrakka stiar er der ei flott sandstrand for bading, store handlesenter og gode restaurantar i stort antall.
Over alt summar det på morsmålet, det verkar som der er mange norske turistar på den solrike øya denne årstida.
Det norske flagget vaiar over alt og på fleire restaurantar får ein servert tradisjonell, norsk mat. Torsdagar kan ein kjøpe potetball og fredag spekesild og poteter på to serveringsstader. Og midt i sentrum ligg ”Den Norske baker”.
Her er det nesten som heime, men temperatur og sol er litt meir behageleg enn på Hellesylt no i februar, meinar Knut og Reidun, og det trur vi dei på.
Varmen gjer godt for helsa har Knut erfart. Ei vond skulder då han reiste heimanfrå er blitt lækja utan anna medisin enn sola.
Det vart eit par timar og triveleg treff ved lunchbordet. Historieboka til Knut J. Tryggestad inneheld både mange og morosame historier og på restaurant Venezia vart det fortalt frå fleire ark.
Reidun og Knut hadde fire veker igjen av ferien i solfylte, varme Puerto Rico. Også fleire andre frå Hellesylt ferierer der og andre var venta, visste dei to. Dei berre gleda seg og kosa seg vidare.
Vi måtte pakke og sete kursen heim til gamlelandet.