Ingers Trans tilbyr opplevingsturar

Urasætra i Norangsdalen blir eitt av stoppa med fotografering under opplevingsturane med Ingers Trans til sommaren.

Urasætra i Norangsdalen blir eitt av stoppa med fotografering under opplevingsturane med Ingers Trans til sommaren.

Ingers Trans, transportselskap med taxi og turvognløyve startar opplevingsturar for turistar, cruisepassasjerar og fastbuande frå Hellesylt til sommaren.

Til sommaren skal bussturar for reisande og fastbuande bli naturopplevingar i nærområdet til Hellesylt.

Då startar Ingers Trans opplevingsturar med panoramabussar frå Hellesylt til Øye og tilbake til Ljøen med utsikt til der fjordane møtest, Sunnylvsfjorden, Storfjorden og Geirangerfjorden.
Heile turen som er på om lag 50. km. vil vare i 90. minutt med innlagde fortostopp ved Urasætra og Lyngstøylvatnet, Øye og Ljøen.

Turane startar frå Hellesylt bro i sentrum og tilbudet blir dagleg i juni, juli og august, fortel Inger Mari Tryggestad i Ingers Trans. Fyrste turen går frå Hellesylt 13. mai, og elles kan reisande tinge tur etter ynskje ved å ringe Ingers Trans eller Geiranger Fjordservice.

Inger Mari Tryggestad er spent på kva respons tilbudet vil få.
-Turen er tenkt som ein rundtur der passasjerane føl bussen fram og tilbake, men det kan også vere ”Hop-on Hop-off” om ein ynskjer å stoppe på til dømes i Norangsdalen og så ta neste busstur vidare.

Vi prøver og håper, men forventar ikkje alt for stor pågang fyrste sommaren. Som alt anna må også dette få si tid til å bli innarbeidd.

Fleire har likevel vist interesse alt og kontakta Geiranger Fjordservice om opplysningar om turane. Der kan ein også tinge billettar til turane, eller billettar kan kjøpast direkte i bussen, seier Inger Mari Tryggestad som anbefalar å kjøpe billettar på førehand. Då er ein sikra plass om pågangen skulle bli stor.

Sjå også: http://www.geirangerfjord.no/Hop-on-Hop-off-Hellesylt

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380