Lokalsport

KM-medaljer i alle valør

Trygve Aaland Tryggestad har gjort mange gode skiskyttarkonkurransar denne vinteren. Laurdag og søndag vart det KM-sølv og bronse. (Foto: Annvor Tryggestad)
Trygve Aaland Tryggestad har gjort mange gode skiskyttarkonkurransar denne vinteren. Laurdag og søndag vart det KM-sølv og bronse. (Foto: Annvor Tryggestad)

Skiskyttarar frå Sunnylven IL kapra medaljer av alle metall og andre gode plasseringar under KM i skiskyting på Ullsheim i Stryn laurdag og søndag.

Stårheim IL var arrangør, men rennet vart flytta til Ullsheim grunna snøforholda på Harpefossen.

Kaldt, men stilt ver, ideelle skyteforhold og med stålande sol vart det nærmast påskestemning under rennet.
Laurdag var det vanleg sprint med to skytinga for klassene til og med 12 år.
Supersprint med tre skytingar og klassevis fellestart for dei eldste.
Det vart mange spanande oppgjer i fleire av klassene på supersprinten for 13 – 16 åringane som gjekk konkurransen for fyrste gong der det veksla i teten undervegs.
Også i juniorklassene var det mange og tøffe oppgjør begge dagane.

Søndag var det normalprogram for dei yngste og vanleg fellesstart for dei eldste.
Det vart både gull, sølv og bronsemedaljer og mange gode plasseringar for Sunnylven IL sine deltakarar i KM skiskyting på Ullsheim.

Resultater laurdag og søndag

G 9-10 år: Ruben Støverstein deltok begge dager. (Ikkje rangert på tid)

G11 år: Jakob Sæter nr. 6. både laurdag og søndag.

J 12 år: Gull Andrine Støverstein både laurdag og søndag.

G12 år: Kasper Ringdal nr. 4. på laurdag og nr.3. på søndag.

J13 år: Gull til Inger Ringdal Sæter laurdag.

J14 år: Bronsemedalje på Emilie Brekke begge dagar. I same klassa vart Hege
Ringdal nr 6. på laurdag og 4. på søndag

G14 år: Ottar Frøysa Hellebostad nr. 6. på laurdag. Stian Frøysa vart nr. 9. laurdag og nr. 7. på søndag.

G15 år: Åsmund Nybø Vik nr. 7. laurdag og nr. 6. på søndag

G16 år: Gull til Lars Kvam Karbø laurdag. I same klasse vart det 4. pl. til Jørgen Ringdal Sæter på laurdag og sølvmedalje på søndag.

M 18 år: Bronse på laurdag og sølvmedalje på søndag til Trygve Aaland Tryggestad. Helge Kvam Karbø vart nr. 4. på laurdag i same klassa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380