Korkafé med Joyful

Ungdomskoret Joyful vil vere med på songfest i Oslo til hausten og oppleve Oslo Soul Children festival. Neste laurdag inviterer dei til korkafé i Sunnylven kyrkjelydshus.
Joyful som har rundt 20 unge songarar frå 5. til 10. klasse deltok på Oslo Soul Children festival også i 2011. Det var ei stor oppleving med mellom anna den svenske artisten Carola til stades.
Laurdag 23. februar inviterer dei til kafé og mykje gla`song på kyrkjelydshuset på Hellesylt frå kl. 13.00 og i eit par timar utover.
-Det blir både gamle og nokre nye songar å høyre, fortel dei to leiarane for koret, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
På korkaféen blir det også utloddning og sal av kaffi, kaker og pølse med brød.