Møte om Peer Gynt Galleriet
Styret i Peer Gynt Galleriet a/s ønskjer å utvide aksjekapitalen i kunst og servicesenteret på Hellesylt. I det høve blir det halde eit informasjonsmøte der styret håper å få fram synspunkt og idear til beste for Galleriet.
Dugnaden for å behalde Peer Gynt Galleriet på Hellesylt starta då det blei bestemt at ein ville prøve å få med bygdefolket på dette. Vi er alle interessert i at dette skal gå bra, og vi trur på at vi skal få til dette saman, Peer Gynt Galleriet eig vi i lag, skriv styret og stiller spørsmål dei ønskjer svar på;
Kanskje kan noke av vedlikehaldet gjerast på dugnad? Kan vi også få til dugnadsarbeid på andre felt enn vedlikehald?
Dette er nokre av tankane styret ønskjer å drøfte og finne gode løysingar på i fellesskap.
Møtet er ope og vert halde på Peer Gynt Galleriet fredag, 08.02.13 kl. 18.00