Lokalnytt

Øcal kafé opnar onsdag

Ramazan, til høgre og Hassan Øcal har jobba mykje med å pusse opp kafeen. Onsdag er det opning.
Ramazan, til høgre og Hassan Øcal har jobba mykje med å pusse opp kafeen. Onsdag er det opning.

Onsdag opnar Øcal kafé på Hellesylt igjen etter ei omfattande oppussing. Kaféen har vore stengt sidan nyttår.

Øcal kafé på Hellesylt har fått utvida serveringsareal etter oppusinga. Ein serveringsdisk og ein vegg som er fjerna fører til at lokalet får minst 60 seteplassar mot kring 40 tidlegare.
Det er skifta vindu og toalett, veggar, tak og kjøkken er pussa opp, og det er kome ein heilt ny bardisk i det populære lokalet.
Øcal kafé er kjent for gode og varierte pizzarettar, men serverer også alt av tradisjonelle norske matrettar.

Onsdag 20. februar kl. 14.00 er det klart for opning etter oppussinga. Frå då blir kaféen open dagleg framover.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380