Opnar mot Vartdal

Sunnylven vann KM i 6. div. i fjor og er nytt lag i 5. div. i år.

Sunnylven vann KM i 6. div. i fjor og er nytt lag i 5. div. i år.

Torsdag spelar Sunnylven herrer treningskamp i fotball mot Vartdal på Hellesylt stadion. Same motstandar møter laget på Hellesylt kunstgras når serien i 5. div. startar 24. april.

Terminlista for menn 5. div. Sunnmøre er klar. Ti lag skal kjempe om poeng og eventuelt opprykk fram til søndag 13. oktober når siste serierunde er spela.

Laga i 5. div. Sunnmøre er:
Ravn, Åheim, Hasundgot, Vigra, Åmdal, Hovdebygda, Sunnylven, Vartdal, Langevåg og FK Sykkylven.

Sunnylven spelar fire kampar heime før sommarpausen med kampdagar på onsdag. Fyrste oppgjør er mot Vartdal 24. april. Seinare kjem Hovdebygda, Åheim og Ravn.
Fyrste kamp i det som må reknast som nabooppgjør mot FK Sykkylven går på bortebane dagen før nasjonaldagen. 4. september er det returoppgjøret på Hellesylt stadion.

Alle heimekampar for Sunnylven herrer ligg no på aktivitetskalendaren med lag, dato og klokkeslett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380