Sel vafler for klassetur

Det vart godt sal av kaffi og vafler på Coopèn for frå venstre Inger Ringdal Sæter, Kristine Hjellbakk Hole, Maria Langeland og Mathilde Tryggestad Forbord.

Det vart godt sal av kaffi og vafler på Coopèn for frå venstre Inger Ringdal Sæter, Kristine Hjellbakk Hole, Maria Langeland og Mathilde Tryggestad Forbord.

Elevane ved mellomsteget på Sunnylven skule skal på klassetur. Det meste av turen prøver dei å finansiere med sal av vafler, kaffi og kaker.

Salet gjekk unna, nesten raskare enn elevane frå mellomsteget ved Sunnylven skule hadde rekna med då dei rigga opp salsdisk på Coop Marked på Hellesylt. Kaffi, vafler, sjokoladekake og peparkake gjekk unna, det viste seg at mellom anna karane i kaffikroken var gode kjøparar.
Også hellesylt.no sin heimelsmann gjorde god handel og varene smaka fortreffeleg. Ein handel er berre å anbefale om det skulle dukke opp tilbod av same slag seinare!

Til våren skal heile mellomsteget ved Sunnylven skule på tur og inntektene av salet skulle gå rett i reisekassa. Kvar skuleturen skulle gå var ikkje bestemt enno, sa dei fire blide jentene bak salsdisken. Truleg blir inntektene dei får inn på vafler og kaffi avgjerande for reisemålet.

Også andre butikkar og bedrifter på Hellesylt hadde salsbesøk av elevar frå mellomsteget, så reisekassa vaks nok mykje denne dagen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380