Sunnylvingar pynta fastelavnstreet

Anna Storstein Forbord t. h. og Ruth Hole Aaland frå styret pyntar fastelavnstreet.

Anna Storstein Forbord t. h. og Ruth Hole Aaland frå styret pyntar fastelavnstreet.

Mange kom innom Peer Gynt Galleriet og Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafe sist helg. Der vart fastelavn feira med bollar, saft og kaffi, og pynting av ei stor bjørk med fargerike fjører.

Foto: Arne Inge Tryggestad.

I tillegg til smakfull meny var det sal av fastelavnsris, ei merkevare for Norske kvinners Sanitetsforening, og som organisasjonen har einerett til salet av.

Sunnylven sanitetslag hadde utfordra næringslivet og privatpersonar i Sunnylven til å kjøpe pynten til den store bjørka som hadde fått sin plass i vestibylen i kunstsenteret.
Nær 300 fjører som kvar vart betalt med 20.- kroner fekk etter kvart sin plass i treet, så arrangøren var godt nøgd med oppslutninga.
For dei yngste kjøparane var det stas å hjelpe til med pyntinga, eit populært tiltak som fleire kafe-gjestar meinte burde bli eit årvisst tiltak.

HT Bygg Hellesylt a/s, den lokal Sparebanken og Formvac a/s var mellom dei rause bedriftene, men også enkelpersonar slo til med tosifra antall av dei store, fargerike fjørene.

På sal av fastelavnsris og farga fjører fekk Sunnylven sanitetslaget inn nær 10.000.- kroner. Etter vedtak i styret skal beløpet denne gongen gå til kjøp av ein lysstolpe framfor inngangspartiet ved Peer Gynt Galleriet.

Laurdagskafeen hadde svært godt besøk under fastelavnstilstelninga.

Laurdagskafeen hadde svært godt besøk under fastelavnstilstelninga.

Sunnylven sanitetslag hadde fastelavnsarrangement i Peer Gynt Galeriet.

Sunnylven sanitetslag hadde fastelavnsarrangement i Peer Gynt Galeriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380