Tapte mot Eid

Damelaget Sunnylven / Stranda har spela årets fyrste treningskamp. På ei god kunstgrasbane på Eid vart det tap 4-0 mot heimelaget.

Sunnylven /Stranda stilte med eit ungt lag der mange av dei rutinerte mangla. Motsandar Eid var eit godt lag og har hatt gode treningsforhold frå desember.

Nordfjordlaget styrte det meste gjennom heile treningskampen måndag kveld og gjekk tidleg opp til 2-0. Deretter kom Sunnylven/Stranda meir med, men utan å spele seg til klare målsjansar. Det vart med to mål til vertane i fyrste omgang.

Også i andre halvdel styrte Eid det meste, men Sunnylven/Stranda forsvara seg godt fram til fem minutt før slutt. Då kom to nye skåringar i gjestane sitt mål og dermed 4-0 siger til Eid.

Hans Hole går på ein ny sesong som trenar for Sunnylven/Stranda sitt damelag. Fram til no har det vore litt for få på trening synest han, men etter kvart vil nok det vekse på. Han reknar med å ha ein spelarstall på rundt 20. når seriespelet startar med fyrste kamp 9. mai.

Hole er klar på at skal det bli ein ny suksessesong må det trenast. Mange damelag trenar godt så no må også vi brette opp ermane og trene. Vi må ikkje lene oss tilbake og leve på suksessen frå i fjor, seier han. Då var laget nær KM-tittelen, fattige poenget bak Herd.

Mot Eid mangla fleire av dei eldre og rutinerte spelarane til Sunnylven/Stranda.
Laget var:
Lillian Aasheim, Tina Jøsok, May-Helen Hole, Kristin Ringdal, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Birgitte Hagen, Linn Kammen, Lena Gjerde, Maria Berge, Vilde Hjelle, Julianne Lundanes.
Innbyttar:
Christina Holmberg

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380