Tare besøkte Hellesylt
Tysdag var det Havlanddagane og besøk av Tare i Sparebanken Møre på Hellesylt. Mange var innom lokalet denne dagen for å helse på snille, blåkledde Tare og tømme sine Tare sparebøsser.
Det var ein jamn straum av born og vaksne innom Sparebanken Møre sine lokale på Hellesylt tysdag. Spesielt mange kom utpå ettermiddagen når jobbdagen tok slutt, og mellom 80 og 90 born i alder ett år til tolv hadde med sparebørser sine og fekk talt opp innhaldet. Mange sparekontoar vaks mykje denne dagen, vil vi tru.
Til stades i lokala var også staute, blåfarga Tare. Han var som alltid spandabel og blid. Alle fekk opp til fleire ”gullmyntar”, og medan innheldet i sparegrisane vart talt opp kunne dei bruke ventetida til å teikne og fargelegge andre i Tarefamilien, som dronning Perle, prinsesse Maren og Bølgen FK.
Den litt eldre garde såg også ut til å sete pris på dei årlege Havlanddagane. Praten gjekk lett over god kaffi og marsipankake.
Havlanddagane starta på 80-talet med Sparebankveka og seinare vart det Sparebankdagane.
Sjølvaste Tare var også på besøk under Havlanddagane på Hellesylt. Her saman med frå venstre Sverre Martin Røyrhus, Kristin Langeland, Tonje Støverstein og Renate Grov Øksvang.