Teiknekonkurranse om bokmerke

Støttegruppa for Sunnylven Bibliotek inviterer til teiknekonkurranse og til utforming av eigne bokmerker for biblioteket. Alle som deltek får diplom.

-Vi skal lage to bokmerke for Sunnylven Bibliotek. For at dei skal bli ekstra fine treng vi nokre fargerike teikningar. Bli med og lever teikninga di på biblioteket innan 19. mars 2013. Du kan teikne på eit vanleg A4 ark, og teikninga skal vere om lag 10×10 cm.
Hugs å skrive på namnet ditt før du leverer,
skriv leiinga for Sunnylven Bibliotek i invitasjonen til teiknekonkurransen.

Det vil bli trekt ut fire teikningar som skal trykkjast og pryde bokmerka. Alle som deltek i konkurransen får eit diplom.

Åpningstider ved Sunnylven Bibliotek:
Tysdag kl. 16.30 – 18.30
Torsdag kl. 09.00 – 11.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380