1.300.- kroner til biblioteket

Berre nokre bollar var att då desse elvane slutta salet. Frå venstre Brede, Hege, Gina, Gard Henrik, Kasper, Odin, Knut Iver og Terese.

Berre nokre bollar var att då desse elvane slutta salet. Frå venstre Brede, Hege, Gina, Gard Henrik, Kasper, Odin, Knut Iver og Terese.

Ved Sunnylven skule opna elevar kantine i minste salen tysdag. Der selde dei bollar med ost, nysteikt vafler og kakao til inntekt for Sunnylven bibliotek.

Det var elevrådet ved Sunnylven skule som hadde teke initiativet til kaféen der overskotet av salet skulle gå til Sunnylven bibliotek, fortalde Brede Ringdal. Han og Hege Ringdal saman med Knut Iver Skjortnes Røyrhus og Terese Hauge hadde siste vakt som selgarar av dei smakfulle varene.
Nesten alt som var laga til gjekk unna, berre nokre få bollar var det einaste som var igjen då lunchpausen var omme.

– Sunnylven bibliotek får ikkje støtte frå kommunen lenger, men vi vil gjerne behalde det. Difor bestemte vi oss for å gje overskotet frå kantinesalet som vart 1.300.- kroner, sa Brede Ringdal.

Om det blir fleire slike kantiner til inntekt for Sunnylven bibliotek, visste han ikkje.
Den på tysdag var i alle høve eit flott tiltak av elevane ved Sunnylven skule.

Ottar Frøysa Hellebostad lika vaflene som han kjøpte av Hege og Brede.

Ottar Frøysa Hellebostad lika vaflene som han kjøpte av Hege og Brede.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380