Lokalnytt

Årsmøte i Hellesylt Ungdomslag

Hovedstyret i Hellesylt Ungdomslag, frå venstre Geir Frøysa, leiar Marianne Fivelstad, Anita Langeland, Oddbjørg Stadheim, Egil Røyrhus. Ann Kristin Langeland var ikkje til stades.
Hovedstyret i Hellesylt Ungdomslag, frå venstre Geir Frøysa, leiar Marianne Fivelstad, Anita Langeland, Oddbjørg Stadheim, Egil Røyrhus. Ann Kristin Langeland var ikkje til stades.

Hellesylt Ungdomslag kunne vise til både god aktivitet og solid økonomi då laget heldt årsmøte denne veka. Marianne Fivelstad held fram som leiar i HUL der også alle andre styreverv kom på plass under årsmøtet.

Hellesylt Ungdomslag hadde 134 betalande medlemer i 2012, ein auke på åtte og med like mange under som over 26 år.

Frå årsmeldinga kan ein lese at laget har delteke i ”Kven veit”, og inviterte til kulturkveld på samfunnshuset i høve dugnaden for å sikre kjøp av Per Gynt Galleriet. HUL har kjøpt seg inn med 50.000,- kroner i kunst og servicesenteret.

Lystige framsyningar
Den årlege grendakvelden skulle ”Bygdarane” stå for, men etter som julespelet med HUL-teatret vart utsett 4. juledag, inntok i staden ”Lyst på livet” scena i Sunnylven samfunnshus. Ei ny framsyning av komedia kom seinare på våren før skodespelet vart vist også i Velledalen.
Ut over våren vart det meir moro med HUL då komikar Roar Brekke gjesta Hellesylt, det var framføring med barnelaget av syngespelet ”Den levande skogen”, og under Sommardagane var Ungdomslaget ansvarleg for gjennomføring av ”Det store andesleppet” i Hellesyltfossen.

Kosta på badehuset
Hellesylt Ungdomslag er eigar av badehuset på badestranda. Huset er freda, men siste år måtte laget gjere ein del vedlikehald på huset. Det vart pela og laga ny landgang og fundament for det planlagde ti meter høge stupetårnet kom på plass.

Komande aktivitetar.
Årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag vedtok ein aktivitsplan for komande år. Laget skal delta i kunnskapskonkurransen ”Kven veit”, det blir grendakveld med Bygdarane, fylkeskappleik, swingkurs, ”Stand ut” med komikar 17. mai, jonsokfeiring på badestranda, nytt andeslepp i Hellesyltfossen under Sommardagar på Hellesylt søndag 7. juli, og teatergruppa satsar på nytt skodespel fjerde juledag.

Val.
Marianne Fivelstad held fram som leiar i laget. Ole Aasen sa frå seg attval etter fleire ti-år i styret for HUL og nytt styremedlem vart Ann Kristin Langeland.
Alle tillitsverv kom på plass med små endringa.

Hovedstyret:
Marianne Fivelstad, Geir Frøysa, Anita Langeland, Egil Røyrhus, Oddbjørg Stadheim, Ann Kristin Langeland (ny).
Varamedlemer:
Margretha Helset Janssen, Synnøve Kjellstad, Silje Kristin Stadheim (ny).

Barnelaget:
Wenche Ringdal, leiar, Randi Sæter, Tore Rusten, Jørgen Helset, Wenche Solli (ny).

Badehusstyret:
Asle Ringdal, leiar, Jostein Ringdal, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke (ny).

Teatergruppa:
Peder Rune Tronstad, Anne Marie Sømoen Frøysa, Per Kjell Leite, Kristin Storstein (ny).

Valnemnd:
Trond Åge Dyrkorn, Ruth Hole Aaland, John Langeland?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380