Årsmøte i Venneforeninga
Alle som stod på val i styret for Venneforeninga i Hellesylt Bygdetun tok attval på årsmøtet onsdag. Også årsmelding og rekneskap vart klubba gjennom utan merknader.
For fyrste gong var medlemer i Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun samla til årsmøte i det nyaste våningshuset i Bygdetunet.
Venneforeninga hadde 134 medlemmer siste år. Økonomien er god og medlemskontingenten for 2014 vart fastsett til kr. 100.-. Foreninga hadde betalt ut 16.000.- kroner til utstyr til nytt kjøkken i hovedhuset.
Dei store arrangementa i 2012 var kulturkvelden i lensmannsgarden på Hjellhaugen med 83 personar til stades, og olsokfeiring i bygdetunet.
Under årsmøtet viste Odd Jostein Bjørdal bilder av personar i fest og kvardag frå eldre tid i Sunnylven.
Attval
Ved val av styret stod leiar Karl Johan Øie og Odd Jostein Bjørdal på val. Begge tok attval.
Styret for 2013 er:
Styreleiar: Karl Johan Øie
Nestleiar: Marit Ljøen
Styremedlemer: Jorun Trøen, Per Svein Hole, Odd Jostein Bjørdal.
1.varamedlem: Astrid Langeland
2.varamedlem: Ruth Hole Aaland
Restaurert
Det nyaste våningshuset i Lillegjerdet og som høyrer til Hellesylt Bygdetun har gjennomgått ei omfattande renovering og står no fram som eit lunt og triveleg møtelokale. Heile fyrste etasje er pussa opp og har fått både toalett og nytt kjøkken.
Venneforeninga kan tenkje seg å leige ut huset til møter for mindre grupper, vart det sagt. Interesserte kan vende seg til Marit Ljøen.
Beite i staden for slått
Marit Ljøen tok til i jobben som dagleg leiar i Hellesylt Bygdetun i fjor. Mykje av arbeide gjekk med til å slå bøen og kring husa.
No er det vedteke å gjerde inn det meste av eigedomen for å beite graset. Det er gjort avtale med ein sauebonde om bruk av arealet.
Marit Ljøen håper medlemer og andre stiller på og hjelper når det skal setjast opp gjerde.