Attval i Gamleskulen Aktivitetsmuseum

Eldrid Skrede, Odd Jostein Bjørdal og Arne Tronstad var mellom fleire som vaska og sorterte skiferheller til "nyetaket" på gamleskulen.

Eldrid Skrede, Odd Jostein Bjørdal og Arne Tronstad var mellom fleire som vaska og sorterte skiferheller til «nyetaket» på gamleskulen.

Heile styret med styreleiar vart samrøystes attvald då Gamleskulen Aktivitetsmuseum heldt årsmøte. Foreninga som vart skipa i fjor for å ta vare på det gamle skulebygget på Hellesylt har fått mange medlemmar siste året.

Etter vedtak i Stranda kommunestyre i september i fjor fekk foreninga Gamleskulen Aktivitetsmuseum kjøpe skulebygget frå 1898. Like etter starta arbeidet med å utbetre taket.

Det er utført over 70 dugnadstimar til no og arbeidet vil halde fram like over påske.

Styret rettar i årsmeldinga stor takk til alle som har delteke på dugnadar, og håper mange vil ha høve til å delta også når arbeidet startar opp igjen.
Målet er å fullføre arbeidet med renovering av taket våren 2013, vart opplyst under årsmøtet.

Foreninga har fått mange nye medlemmer. Totalt kom det inn vel 60.000.- kroner i kontingent og gåver frå private i 2012.
Medlemskontingenten vart vedteken til kr. 100.-

Leiinga i Gamleskulen Aktivitetsforening planlegg å ha open skule under Somardagar på Hellesylt i juli. Til då skal det også ryddast og vaskast inne der det er samla mykje skulemateriell som var i bruk fram til skulen vart nedlagt kring 1955. Skulen skal bli eit eksempel på ei skulestove slik det var i ”gamle dagar”.

Val.
I styret stod Liv Jorunn Sporstøl og Odd Jostein Bjørdal på val. Begge tok attval og styret for Gamleskulen Aktivitetsmuseum er.
Leiar: Kari Hauso Stadheim
Nestleiar. Marit Ljøen
Skrivar: Odd Jostein Bjørdal (attval)
Kasserar: Solfrid Onsøien Lien
Styremedlem: Liv Jorunn Sporstøl (attval)
Varamedlemmer:
1. Astrid Langeland
2. Arne Ringdal
3. Fredrik Stadheim

Valnemnd:
Eldrid Skrede
Roar Ljøen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380