Auke frå bønder i Stranda kommune

Leiar i produsentlaget Tor Lie presenterte tal som fortalde om optimisme i jordbruket i Stranda, her på bilde saman med tillitsvalt i Tine, Cecilie Bjørlo frå Eid.

Leiar i produsentlaget Tor Lie presenterte tal som fortalde om optimisme i jordbruket i Stranda, her på bilde saman med tillitsvalt i Tine, Cecilie Bjørlo frå Eid.

Mjølkeleveransar frå bønder i Stranda kommune har auka mykje dei siste ti åra. Unge bønder har tru på framtida for næringa, sa leiar i produsentlaget Tor Lie.

Tor Lie opna årssamlinga i Sunnylven og Stranda Produsentlag med å vise til tal som fortalde om auka mjølkeproduksjonen i Stranda kommune.

-Eg tenkte på oversikten som Møre og Ronsdal Bondelag sende ut i januar i år då eg høyrde ordføraren i radio snakke om utviklinga for jordbruket i Geiranger.

Rett nok viser oversikten at antall mjølkeprodusentar i kommunen gjekk ned frå 71 bruk i 2000 til 38 bruk i 2012. Mjølkekyr pr. bruk auka frå 11 til 17 og kvart bruk auka leveransane frå 59.500 liter til 124.448 liter i denne perioden.

Samla auka produksjonen av kumjølk i Stranda kommune frå 4.3 mill. liter i år 2000 til 4.7 mill. liter i 2012. Kommunen er ei av få i Møre og Romsdal som kan vise til auka produksjon av kumjølk.

-Tala vitnar om optimisme, her er mange unge bønder som satsar på yrket og trur på ei framtid, sa Tor Lie som viste til at mellom anna i Sunnylven har tre store lausdriftsfjøs for storfe blitt teke i bruk den siste tida.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380