Lokalsport

Birkebeinerrennet i mål

Smilet var på plass hos desse tre både før og etter Birken laurdag. Frå venstre, Elisabeth Overvoll Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Hans Kristian Stadheim.
Smilet var på plass hos desse tre både før og etter Birken laurdag. Frå venstre, Elisabeth Overvoll Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Hans Kristian Stadheim.

Anniken Hjellbakk Hole representerer Sunnylven IL. Laurdag gjekk ho Birkebeinerrennet på 3.28.34 som heldt til flott andre plass i klasse 20 – 24 år. Hans Kristian Stadheim kom i mål på 3.16.52 og 71. plass i M 25 – 29 år.

Kanskje har det skjedd før at Sunnylven IL har blitt å høyre over høgtalaren både på Birkebeiner skistadion og i Håkons hall. Det skjedde laurdag etter sterke langrenn under tunge forhold av Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim.

Anniken gjekk like godt inn til andre plass i klassa i årets store styrkeprøve og kunne stige opp på nest øverste trinn på premiepallen i Håkons hall.

Det var stort å oppleve at Sunnylven IL vart nemt mellom store klubbar i ei tettpakka storstove på Lillehammer laurdag. Anniken gjekk kvarteret raskare i fjor, men årets prestasjon var sjølvsagt god nok til fjerde merket på fire startar i ”Birken”.

Også Hans Kristian Stadheim fullførte rennet på god tid. Det var dårleg gli i nysnøen som kom natta før, meinte han. Sluttida heldt godt til niande merke på ni startar.

Over 14.000 langrennsløparar fullførte det 76. Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer laurdag 16. mars. Vinnar vart Anders Aukland på 3.42.38, neste 20 minutt etter sin eigen løyperekord frå i fjor.

Per Ingebrigt Karbø, Sunnylven IL gjekk Birken for fyrste gong. Uheldig at årets renn gjekk under svært tunge forhold. Karbø kom i mål på 4.08.48.

Frå naboklubben Stranda IL deltok Knut Anders Hatlen og gjekk inn til 15. plass i 30 – 35 år på 3.03.26.
Elisabeth Overvoll Hole gjekk sitt andere Birkebeinerrenn til 54. plass og 4.18.27.

Frå start på Tingstadjordet, Rena.
Frå start på Tingstadjordet, Rena.
Fredag var det flotte forhold i Birken-løypa. Her frå Dambua, 17 km. etter start.
Fredag var det flotte forhold i Birken-løypa. Her frå Dambua, 17 km. etter start.
Premiepall menn elite. Frå venstre Eldar Rønning, Anders Aukland, Espen Harald Bjerke.
Premiepall menn elite. Frå venstre Eldar Rønning, Anders Aukland, Espen Harald Bjerke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380