Lokalnytt

«Bjørn» og «Rev» i gymmsalen.

 

Dei to største gruppene i Trollhola Barnehage gjekk frå barnehagen i Ringdalsåsane til Sunnylven skule for å trimme. Der vart det mykje moro før turen gjekk tilbake til Trollhola.

Saman med Marianne og Randi var i alt 11 born i gymmsalen ved Sunnylven skule tysdag. Det var bjørnegruppa og revegruppa som hadde teke den lange turen frå barnehagen i Ringdalsåsen til sentrum på eigne bein.

Men dei var langt frå utslitne etter gå`turen. I gymmsalen hadde dei det morosamt og utførte fleire kunster, både med balande på bom, høgdehopp, hoppe i ringar og klatre i ribbeveggen. Det strutta av energi og spenst før turen gjekk tilbake til barnehagen, også det på eigne bein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380