Eit vårteikn
Mange gler seg over sol og flott skiføre i påska. Andre stundar etter vår, slik som vårt besøk i eit hagetre nyleg.
Det har vore rikeleg med kuldegrader dei siste vekene og mange ser nok etter vårtein i naturen. Eitt dukka opp nyleg, ein svart fugl med gult nebb.
Unge fuglar av arten reiser til Dei Britiske øyar på hausten og kjem tilbake i mars/april. Dei gamle overvintrar ofte.
Fuglen har ein klangskjønn song med djupe, fyldige tonar. Byggjer seg reir i tre, busker eller på bakken.
Kva heiter fuglen??
Send svar til f-stadh@online.no
Kanskje kjem det ei overrasking for rett svar seinare i påska.