Går Birkebeinerrennet

Det er tett mellom løparane ved start på Rena.

Det er tett mellom løparane ved start på Rena.

Anniken Hjellbakk Hole, Hans Kristian Stadheim og Per Ingebrigt Karbø frå Sunnylven IL er mellom deltakarane i årets Birkebeinerrenn som går frå Rena til Lillehammer komande laurdag.

I alt 17000 skiløparar frå 16 år og oppover er påmeldt til årets Birkebeinerrenn. Eldste deltakar er Tollef Sverdrup frå Ski som fyller 94 år i november. Han deltek i år for 45. gong.
Så mange ”Birken”-renn har ikkje våre lokale løparar bak seg enno. Flest renn har Paul Tronstad med 24 så langt, men han er forhindra i å stille i år. Jubileumsrennet skal gjennomførast neste år, lovar han.

Hans Kristian Stadheim har gått Birkebeineren åtte gonger og har åtte merker. Han startar kl. 08.05 laurdag.
Anniken Hjellbakk Hole har tre merker på tre startar. Anniken legg ut frå Rena kl. 08.00.
Per Ingebrigt Karbø går rennet for fyrste gong i år og startar kl. 09.00.

Birkebeinerrennet blir overført på NRK Tv frå kl. 07.30 – 11.30.
For neste års Birkebeinerrenn startar påmelding 18. april. Det blir fort fullteikna, så alle som vil oppleve turen frå Rena, om Skramstadsæter, Kvarstaddammen, Raufjellet, Sjusjøen til Birkebeiner skistadion på Lillehammer må merke deg datoen 18. april.

Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim var godt nøgde med sine prestasjonar i Holmenkollen skimaraton.

Anniken Hjellbakk Hole og Hans Kristian Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380