Lokalnytt

Gebursdagsfesten

Heile festlyden i Sunnylven barnehage samla saman med fleire av dei tilsette.
Heile festlyden i Sunnylven barnehage samla saman med fleire av dei tilsette.

Born og tilsette i Sunnylven barnehage hadde gleda seg til måndag. Dei skulle feire at barnehagen var 30 år og då var finstasen leita fram og gebursdagssong, gåver og masse god mat på plass.

Det var ein lystig og fargerik flokk som var samla til fest i Sunnylven Barnehage måndag. 31 born i alder 1 – 6 år var klare til å feire at Sunnylven barnehage var 30 år. Alle var stasa opp med finekleda på, både kjolar og nypressa bukser. Ja til og med hadde nokre av gutane funne fram slipset.
Flott song
Det skulle vere fest og fest vart det i eit lokale pynta med både balongar, ei stor pappkrune og anna glitter.
At borna i Sunnylven barnehage kan synge fekk vi høyre i ”Gratulerer med dagen, gratulerer med barnehagen ….” før det vart tretti ”hurra” og deretter tretti ”kjo”. Det gav ekko i veggane av trepanel, nesten så vi trur dei høyrde det heilt opp i byggefeltet i Solvegen.

Dukkevogner og syklar
På golvet stod to pakkar, godt kamuflert i papir og surra med nitten fargeglade tråar, like mange som antall born i den største avdelinga i Trollhola .
Spaninga på kva som var inni var stor og det vart tippa på både blomster, syklar , bøker og mykje anna. Borna fekk lov til å hjelpe med utpakinga og klippe over ein trå kvar. Då papiret var fjerna kom det fram to flotte dukkevogner, ei rosa og ei svart og kvitt. Det var stas fekk vi sjå.
Dukkevognene var barnehagen si gåve til seg sjølve, men også andre hadde huska på jubilanten. Ikkje minst gleda det å få to store trøsyklar frå Sunnylven sanitetslag, og det var gåve frå foretninga Joker og frå Linus og Sune, to som går i Sunnylven barnehage.

Nybygg i Trollhola
Sunnylven barnehage starta i Sunnylvsbygda grendahus i 1983. Då var opningstidene tre dagar i veka, måndag, onsdag og fredag frå klokka 08.30 til 14.30. På Hauge var det 12 born i alder 3 – 7 år det fyrste året, noko som vaks etter kvart. I Trollhola på Reset har det vore 40 på det meste. No er her 31 som har plass og opningstida er frå 07.30 – 16.30 kvar dag, fortalde einingsleiar Hilde Langlo Brekke.

To avdelingar
-I 2000 flytta Sunnylven barnehage til nye lokale i Trollhola etter å ha hatt tilhald i Sunnylvsbygda grendahus i mange år.
Kapasiteten i den nye barnehagen på Reset er 42 plassar, det vil seie ei ordinær avdeling med 18 plassar og ei utvida avdeling med 24 plassar.
Denne kapasiteten har ved behov vore utnytta.
I dag er tre av dei som gjekk i barnehage i starten, Oddbjørg Stadheim, Jørgen Helset og Kurt Erik Sundgot knytte til barnehagen som foreldre til born som går her.
Og stabiliteten mellom personalet i barnehagen har vore god må ein seie. No er her fire tilsette som har vore her i mellom 22 og 26 av desse 30 åra, fortel Hilde.

Meir feiring.
Gebursdagen til Sunnylven barnehage vart feira som eit skikkeleg barneselskap med gåver, pizza, saft og kaker.
Men feiringa var nok ikkje ferdig på ein dag. Dagen etter skulle moroa halde fram i den solrike barnehagen i Trollhola med Sunnylven sanitetslag som vertskap.
-I sanitetslaget er der fleire bestemødre og dei har lova å servere lunsj med kakao og gode brødskiver, kunne Hilde Langlo Brekke fortelje.

Her blir snart fyrste gebursdagsgåva opna
Her blir snart fyrste gebursdagsgåva opna
To trøsyklar frå Sunnylven sanitetslag var populære gåver.
To trøsyklar frå Sunnylven sanitetslag var populære gåver.
Linus hadde med ei bok i gåve frå seg og broren Sune til barnehagen
Linus hadde med ei bok i gåve frå seg og broren Sune til barnehagen
"Blåbærtuva" var også med på feiringa av barnehagen sin gebursdag.
«Blåbærtuva» var også med på feiringa av barnehagen sin gebursdag.
Fyrst kom ei stor kake, seinare vart det pizza.
Fyrst kom ei stor kake, seinare vart det pizza.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380