Lokalnytt

God etterbetaling frå Tine

Egil Jarle Frøysa kunne motta kvalitetsbevis og blomar for fem år klassefri mjølk av leiar produsentlaget Tor Lie. Til venstre konserntillitsvalt i Tine Cecilie Bjørlo.
Egil Jarle Frøysa kunne motta kvalitetsbevis og blomar for fem år klassefri mjølk av leiar produsentlaget Tor Lie. Til venstre konserntillitsvalt i Tine Cecilie Bjørlo.

Sunnylven og Stranda Produsentlag har halde årssamling. Tor Lie, Stranda vart samrøystes attvald som leiar i produsentlaget av vel 30 frammøtte på Hellesylt.

Cecilie Bjørlo frå Eid er medlem i konsernstyret i Tine. Under årsamlinga orienterte ho om drifta i meieriselskapet og såg på utsiktene framover, mellom anna kva mjølkepris bøndene kan forvente seg i 2013.
Etterbetaling på levert mjølk vart på 26 åre liter i 2012. Vel halvparten er utbetalt, resten kjem saman med oppgjøret for mai, sa Cecilie Bjørlo.
Tine har hatt god vekst i produksjonen av Jarlsberg og Norvegia. Forbruket av konsummjølk viste framleis nedgang siste år.
Det samla driftsresultat gjekk noko ned og skuldast mellom anna tap på skummamjølkpulver, auka avskrivingar og pensjonsutgifter.

Mjølkeprisen til leverandøren for ku i 2013 var usikker, men truleg 4.36 pr. liter med alle kvalitetstillegg og feittprosent på 4.1.

5-års plakett og blomar.
Under årssamlinga i produsentlaget vart Wenche Solli og Egil Jarle Frøysa tildelt 5-års plakett for godt mjølkestell. Leiar Tor Lie overrekte kvalitetsbeviset og blomar til Egil Jarle Frøysa.

Val.
Arbeidsutval i Sunnylven og Stranda Produsentlag.
Leiar: Tor Lie
Nestleiar: Per Kristian Gjerde
Medlem: Karl Johan Espe
!.varamedlem: Egil Jarle Frøysa
2.varamedlem: Jørn B. Stadheim
Valkomite:
Ola Ødegård, leiar, Knut Sundgot, Inge Røyrhus.

Utsending til årsasamling i Tine:
Karl Inge Lillås, Norddal.
1.vara: Tor Lie, Stranda.
2.vara: Hans Jakob Hatlestad, Sykkylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380