Godt år i Sunnylven Idrottslag

Leiar I Sunnylven Idrottslag Jens Vik delte ut kvar si blomst til to flotte representantar for laget, Helge Kvam Karbø til venstre og Trygve Aaland Tryggestad.

Leiar I Sunnylven Idrottslag Jens Vik delte ut kvar si blomst til to flotte representantar for laget, Helge Kvam Karbø til venstre og Trygve Aaland Tryggestad.

Jens Vik leiar Sunnylven Idrottslag som hadde årsmøte torsdag. God økonomi, stor oppslutning og aktivitet viste fyldige årsmeldingar frå gruppene. Laget fekk alle tillitsvalde på plass, unntatt leiar for forballgruppa.

Sunnylven Idrottslag har lagt eit nytt, positivt idrettsår bak seg sjølv om fleire utfordringar dukka fram tidleg på året. Det nye kunstgrasdekket på Hellesylt stadion vart øydelagt av julestormen Dagmar, noko som førte til vanskar for trening og avvikling av kampar for ni fotballag.
Bana på Hellesylt stadion vart reparert til haustsesongen, men framleis har ikkje leverandøren Bresco a/s fått betaling for dekket av eigaren Stranda kommune, vart opplyst på årsmøtet.
Fotballen i laget engasjerte mange. Rundt 100 spela på to seniorlag og sju i aldersbestemte klasser.

Også i friidrett/trim var oppslutninga god. På 25 postar i fjelltrimmen vart det registrert 10507 treff, ein auka på 9.2 % frå året før.

Sunnylvscupen på ski er den største aktiviteten i skigruppa med 88 premierte i fjor. Laget har få aktive langrennsløparar, men Anniken Hjellbakk Hole, Paul Tronstad, Helge Kvam Karbø og Trygve Aaland Tryggestad gjekk til gode plasseringar i ein del konkurransar.

Gode utøvarar.
Helge Kvam Karbø og Trygve Aaland Tryggestad er mellom landets beste juniorar i skiskyting og nådde fleire gode resultat i Norgescuprenn. Også 13 år gamle Inger Ringdal Sæter er eit anna stort talent frå laget i skiskyting.

Stolt.
Det er all grunn til å vere stolte av aktiviteten i laget, den er enorm i høve til folketalet i bygda, sa leiar Jens Vik.
Jens Vik hadde med kvar si blomst frå laget til dei to juniorane i skiskyttarane som gjorde det skarpt under junior-NM i Steinkjer nyleg, Helge med NM-sølv og Trygve med ein flott 14. plass.
Også løypemaskinkøyrar Trond Åge Dyrkorn fekk velfortent gåve frå idrottslaget.

Laget hadde 454 betalande medlemmer i 2012, mot 450 året før.

Økonomien i Sunnylven Idrottslag er god. Gruppene kom ut med tal i pluss, unnateke friidrett/trim som hadde eit lite underskot på 1.624.- kroner
Idrottslaget hadde ei brutto omsetning på over ein million med fotballgruppa som den største der tala balanserte på knappe 436.000.- kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380