Honndalsrennet på nullføre

Honndalsrennet vart arrangert søndag med lita deltakintg. Frå Sunnylven IL stilte to løparar, Helge Kvam Karbø og Per Ingebrigt Karbø.

Helge Kvam Karbø brukte 1.09.27, vann klassen sin og vart nummer 6 totalt av dei 29 deltakarane som var med i Honndalsrennet. Per Ingebrigt Karbø fikk tida 1.22.22 og vart nummer 4 i klasse 51-55 år.

Reinar Aaland vann på tida 1.04.00.

Honndalsrennet gikk for første gong frå den nye varmestova i Grendadalen. Løypa var forkorta frå 25 til 21 km. Den delen av traseen som går mot Grodås var ikkje råd å preparere grunna is og vatn. Det var to varmegrader og vanskeleg å smøre.

Mange gikk på rubb-ski, men Sunnylvingane smurte med Swix VR 65 og VR 70. Det vart godt feste, men dessverrre isa det under skia nokre parti av løypa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380