Hundre fekk potetball
Det har blitt tradisjon at Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer elevar og tilsette ved Sunnylven skule på potetball anna kvart år. Sist var i 2011 så tysdag var det tid for nytt tradisjonsmåltid.
-Sunnylven Bygdekvinnelag er del av ein landsomfattande organisasjon med rundt 15.000 medlemmer. Organisasjonen er oppteken av mellom anna kultur og mattradisjonar.
Difor inviterer laget her på potetball, ekte tradisjonskost og spanderer alt som høyrer med. Det er vi svært glade for å få oss servert, sa rektor Roar Seljeset mellom anna då han ønska alle elevar og dei fleste tilsette ved skulen til bords.
Og alt som høyrer med til det trauste måltidet hadde dei tre på kjøkkenet, Eline Fivelstad, Torunn Hauge og Erna Hellebostad og nokre andre dagen før sytt for å få på plass. I tillegg til potetball vart det servert pølse, salt kjøtt, poteter, kålrot og bacon.
Servitørar var dei eldste elevane ved skulen.
Litt over to hundre potetballar var laga kunne nestor mellom kokkene, Eline Fivelstad fortelje.
Vi spurde om dei hadde gjort slik Ingrid Espelid brukte å gjere av og til. -juksa ein lite grann-.
Vi fekk ikkje anna svar enn; -vi ha no skrella poteter i dag også.