Ikkje fjellflyging frå Helsetkopen

Det kan bli oppvisningshopp frå Helsetkopen til sommaren. (Foto: World Base Race)

Det kan bli oppvisningshopp frå Helsetkopen til sommaren. (Foto: World Base Race)

Det blir ikkje organiserte tevlingar i fjellflyging frå Helsetkopen til sommaren. Alle konkurransar blir arrangert i Innfjorden frå 10. til 12. juli.

Det har blitt avhelde fleire konkurransar i basehopping frå Helsetkopen dei siste åra. Flygeturane frå toppen av det 1246 meter høge fjellet til landing ved Helsetvatnet har blitt sett på som noko av det mest spektakulære, men også av det tryggaste innan fjellflyging.
Brite siste vinnar
Fyrste organiserte konkurranse var NM i 2009. Året etter vart det arrangert World Cup med 20. deltakarar og vinnar vart då som året før Frode Johannessen, Voss.
Same deltakar vann også i 2011, før briten Tony Uragallo litt overraskande sikra seg vinnartrofeet i 2012, laga av Martin Janssen.

Til sommaren blir det ikkje konkurransehopping frå Helsetkopen.
Alt vil foregå frå Gridsetskolten i Innfjorden, fortel Ivar Brennhovd i World Base Race.

Håp om oppvisning
Ivar Brennhovd har ansvar for gjennomføring av World Base Race i år.
Konkurransen har etter kvart blitt så pass stor at det er vanskeleg å stille med teknisk hjelpemiddel og mannskap for gjennomføring på to stader, seier han.

Han beklager at Hellesylt blir sløyfa i år, men årsaka er det omfattande opplegget som må til for å gjennomføre konkurransen profesjonelt og på best mogleg måte for utøvarar og publikum.
Ivar Brennhovd vil kontakte hopparane og utelukkar ikkje at det kan bli gjennomført oppvisningshopp under Sommardagar på Hellesylt 5. til 7. juli.

Trygg landing for fem basehopparar etter luftig tur frå Helsetkopen.

Trygg landing for fem basehopparar etter luftig tur frå Helsetkopen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380