Kjellstad/Tronstad Jakt vann bedriftscupen

Vinnarlaget til Kjellstad/Tronstad Jakt. Frå venstre Jo Endre Frøysadal, Rolf Matvik, Sven Roger Alme. (Foto: Ivar Fivelstad)

Vinnarlaget til Kjellstad/Tronstad Jakt. Frå venstre Jo Endre Frøysadal, Rolf Matvik, Sven Roger Alme. (Foto: Ivar Fivelstad)

Kjellstad/Tronstad Jakt vann samanlagt i Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup i miniatyrskyting 2013, føre Stabburet 2. og Solveien.

Stabburet 2. skaut best i finalerunden i bedriftscupen onsdag kveld og fekk 582 poeng. Solveien var like bak med 580 poeng og deretter kom Kjellstad/Tronstad Jakt og HT Bygg med 576 poeng.
Samanlagt i cupen var det Kjellstad/Tronstad Jakt som sikra seg gjevaste pokal med 2037 poeng. Stabburet 2. kom på andre plass med 2034 poeng og Solveien på tredje med 2020 poeng.
Vidare på resultatlista:
4. Ole Ringdal 1. – 2012
5. Nebbedalen Jakt – 2004
6. HT Bygg – 1998
7. Ole Ringdal 2. – 1976
8. Ole Ringdal 3. – 1971
9. Stabburet 1. – 1959
10. Bjørdal sag -1427

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380