Leiger Stadheimfossen Camping

Åse og Glenn på Stadheim har leigd Stadheimfossen Camping av Jørn Stadheim t.h., i fyrste omgang i to år.

Åse og Glenn på Stadheim har leigd Stadheimfossen Camping av Jørn Stadheim t.h., i fyrste omgang i to år.

Åse Stadheim og Glenn Wærnersen har teke over drifta av Stadheimfossen Camping frå 1. mars. Frå før eig dei og driv Hellesylt Ferie-Hytter som består av fleire store hytter på Stadheim.

Stadheimfossen Camping er eigd av Jørn Stadheim og ligg vakkert til ved Steimshølen og Korsbrekkeelva, ei av dei beste lakseelvane på Sunnmøre. Anlegget har fem mindre hytter, areal for karavan, teltcamping og sanitæranlegg.

I tillegg høyrer det med to større hytter med høg standard i Steimsåsane, vel ein kilometer frå hovedanlegget.

Fleire gode feriehus
Åse og Glenn på Stadheim har leigd Stadheimsfossen Camping i fyrste omgang for to år, men har opsjon på vidare forlenging av leigekontrakta.
Med den nye leigeavtalen kan dei no tilby seks hytter av høg standard med dusj og toalett og sju mindre med plass til fire personar i kvar, og i tillegg areal for telt og campingbilar.

Det vart litt lite tid til å ta seg av drifta av campingplassen, seier Jørn Stadheim som er bonde og driv eit stort geitebruk. I tillegg har han mykje leigekøyring med rundbalgepresse under slåtten sommarstid.
-Vi har tilsyn og drift av eigne hytter på Stadheim gjennom heile sommaren så for oss er det positivt å kunne leige Stadheimfossen Camping, seier Åse og Glenn.

Telefonnummer for tinging av hytter hos Åse og Glenn på Stadheim er: 936 46 826.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380