Leitar etter fotballformann

Leiar i Sunnylven IL, Jens Vik til høgre takka Steinar Hjelle og overrekte gåvesjekk for innsatsen hans for Sunnylven Fotball.

Leiar i Sunnylven IL, Jens Vik til høgre takka Steinar Hjelle og overrekte gåvesjekk for innsatsen hans for Sunnylven Fotball.

Fotballgruppa i Sunnylven IL har halde styremøte. Utdeling av bomar og gåvesjekk til avgådde medlemmer og påmelding av sju lag i yngres fotball og to lag til Norway Cup var mellom sakene på styremøtet.

Til årsmøtet i Sunnylven IL hadde Geir Støverstein, Per Kjell Leite og leiar Steinar Hjelle sagt frå seg attval i fotballstyret.

Under styremøtet søndag vart det overrekt både blomar og ein gåvesjekk.

Eit forbilde
Steinar Hjelle overrekte blomar til dei to som hadde lang fartstid i styret, Geir Støverstein i fire år og Per Kjell Leite 12 år i fotballgruppa og 22 år samla med styre og leiarverv i idrettslaget.
Steinar Hjelle fekk sjølv gåvesjekk frå idrettslaget ved leiar Jens Vik.
Vik rosa fotballeiaren mykje som hadde lagt ned eit stort arbeid for fotballen i klubben, men som no hadde bede om avløysing.
-Du er mitt forbilde i fotballsamanheng, sa Vik.

Fotballgruppa manglar leiar, men den må på plass, sa Vik. Valnemnda i idrettslaget vil få oppdraget med å gjere ein ny runde for å finne kandidat før det blir halde eit ekstra årsmøte med suplerande val til fotballgruppa.

Mykje å passe på
Steinar Hjelle leia styremøtet i fotballgruppa søndag. Han har som prinsipp at ein leiar fungerer til ny er valt. Ny leiar kom ikkje på plass under årsmøtet, ein situasjon laget ikkje kan jobbe under, meinte Hjelle.

Sjølv har han ni år i leiarvervet i klubben. Han har blitt kjent med mange personar i Sunnylven og erfart at folket der greier å gjere jobben sjølve om dei vil.
Jobben i fotballgruppa var arbeidskrevjande med fleire lag i yngres og to seniorlag. Tidsfristar må haldast for påmelding av lag. Søndag kveld var siste frist for å melde på lag i yngres fotball.
-Treningsavgiftene har vore lave, andre klubbar gjer det lettare å skaffe inntekter og legg avgiftene høgare. Vi har satsa på andre tiltak som skrapelodd, bingo og andre lotteri. Klubben har alltid hatt pengar og gjort opp for seg sjølv om overskotet ikkje alltid har vore stort, sa Hjelle.

Stiller på
Steinar Hjelle kunne fortelje om godt samarbeid også med fotballkretsen der klubben hadde fått tildelt inne-KM i fotball fleire gonger, og der Sunnylven IL hadde blitt nominert som årets klubb. I 2012 vart det gåvesjekk og diplom som årets jenteklubb, fortalde han.

Hjelle takka alle både i fotballgruppa og andre i idrettslaget for godt samarbeid. Sjølv om han hadde bede om avløysing, var han ikkje uviljug til innsats ved arrangement på alle områder i laget.
-Eg stiller sjølvsagt på der eg kan hjelpe, alt frå fotball til skiskyting, sa Steinar Hjelle.

Geir Støverstein t.h. og Per Kjell Leite har gått ut av fotballstyret. Begge fekk blomar overrekt av Steinar Hjelle.

Geir Støverstein t.h. og Per Kjell Leite har gått ut av fotballstyret. Begge fekk blomar overrekt av Steinar Hjelle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380