Lite nytt i Åknesrenna

Geolog Einar Anda til venstre frå beredskapssenteret og ass. rådmann i Stranda Kjartan Lied orienterte om utvikling og overvaking av fjellet ved Åknes.

Geolog Einar Anda til venstre frå beredskapssenteret og ass. rådmann i Stranda Kjartan Lied orienterte om utvikling og overvaking av fjellet ved Åknes.

Måndag kveld fekk foreldre og skuleborn ved Sunnylven skule informasjon om overvakinga av Åknesrenna. På møtet orienterte geolog Einar Anda og assisterande rådmann i Stranda, Kjartan Lied om beredskapsplanar og utviklinga i fjellsida ved Åknes.

Fåren for ras frå fjellet ved Åknes er på lavaste nivå. Utviklinga i fjellsida er stabil med frå 5 – 8 cm. utviding i året av fjellsprekker på eit område som utgjer kring 18. mill. kubikkmeter fjell, og 2 – 3 cm. utviding på ein annan del av det ustabile fjellet.

På eit tredje område av den kvadratkilometer store fjellsida er rørslene ikkje målbare, sa geolog Einar Anda, då han presenterte tal frå dei siste registrerte data.
Han sa at det ikkje var sansynleg at alt det ustabile fjellet på 50 mill. kubikkmeter ville kome på ein gong, sjølv om ein vil forhalde seg til det om ein situasjon skulle oppstå.

Geolog Anda fortalde om alle måleinstrument som overvaker fjellet ved Åknes. Der er strekkstag, laser, GPS og sensorar, eit stort og avansert opplegg som registrerer den minste utvikling og bevegelse. Difor kan ein varsle utvikling og eit eventuelt fjellskred i god tid før det går.

Einar Anda ville ikkje spå om og eventuelt når eit fjellskred frå Åknes kunne kome. Men Norge ville truleg oppleve større fjellskred også i dette århundre som i tidlegare, sa han.

Anda fekk også spørsmål om drenering av fjellet for vatn ville minske fåren for ras.
Det var ikkje utreda enno, sa Anda, men kunne bli gjort sjølv om eit slikt tiltak var kostbart, rundt 500. mill. kroner.
Heile åtte kommuner på Sunnmøre vil bli råka meir eller mindre av ei flodbølge etter eit eventuelt fjellskred frå Åknes.

Å ha gode planar var viktig om hendinga skulle oppstå, sa assisterande rådmann i Stranda , Kjartan Lied. Stranda kommune har planar og ei kriseleiing samansett av sentrale personar. Planane må oppdaterast minst ein gong i året, noko vi kanskje ikkje har vore flinke nok på. Dei som jobbar på skulen må få opplæring i planane, sjå til at dei er gode nok og informere foreldre og borna på skulen, sa Kjartan Lied.

Ordet evakuering er litt borte no då overvakinga av fjellet er svært god og stabil. Overvakinga er så god at vi no kan snakke om fråflytting i staden for evakuering. Ved oransje farge, som blir sett fleire dagar før eit eventuelt fjellskred kjem skal Sunnylven skule vere fråflytta, sa Kjartan Lied.
Det vart reist spørsmål om reguleringsplanen for Hellesylt sentrum som enno ikkje var godkjent og som gjorde at all ny utvikling hadde stoppa opp.
Ass. rådmann Lied sa at reguleringsplanen ville bli sent inn for tredje gong med det fyrste og at ein håpa den no ville bli godkjent.

Det var viktig å få rett og sakleg informasjon sa Kari Hauso Stadheim i leiinga og medlem av beredskapsgruppa ved Sunnylven skule. Ho var nøgd med orienteringa som kom fram og ho tykte overvakinga var god med fleire typer måleutstyr som var uavhengig av kvarandre og det vanlege straumnettet. Måleutstyret ville virke også i ekstremt ver og ved straumbrot og det var betryggende.
Skulen ville no foreta ein gjennomgang av beredskapsplanen då eit eventuelt fjellskred ville bli varsla i god tid og alle ved skulen kunne fråflyttast i god tid. Det gjorde alt lettare for born og tilsette ved Sunnylven skule, sa ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380