Lite snø, fantastiske skiløyper
Sjeldan har vel brøytekantane i Kjellstadli på grensa mot Sogn og Fjordane vore lavare i mars månad enn dei er i år. Likevel, mot Terdalen er det fantastiske forhold for trimmarar på turski.
Løypekøyrarane i skigruppa til Sunnylven IL hadde gjort ein fantastisk jobb laurdag. Frå hovedvegen og mot appelsinhaugen i Terdalen var det strøkne forhold. Her var det berre å lime fellane under skia og ”labbe” i veg.
Men ikkje nok med det, også turmosjonistar på langrennski hadde fått sitt tilbod. På flatene før stigninga mot Terdalen var det køyrt opp fleire alternativ til løyper å gå. Det var berre å stake i veg etter ”betongspor” i strålande sol. Snakk om å få det servert frå løypekøyrarane.
Eit lite smørjetips; Svix KR 60.
Alle ære og ros til mannskapet på løypemaskina som time etter time og utan løn preparerar for alle som likar å gå skiturar.