Meir feiring i barnehagen
Tysdag fekk Sunnylven barnehagen besøk av medlemmer frå Sunnylven sanitetslag. 30-års feiringa heldt fram med næringsrett lunsj spander av sanitetslaget.
Alle foto: Anne Marie Hauge Ljøen.
Sunnylven Barnehage feira seg sjølv heile måndag og også tysdag heldt 30-års festen fram.
Då fekk barnehagen besøk av tre damer i sanitetslag, Solbjørg Alme, Anne Grete Frøysa og May Stadheim.
Alle er bestemødre til born i barnehagen og dei hadde handla inn masse go`saker for å servere lunsj til alle i Trollhola.
Det vart store fat med brødskiver med godt pålegg av sjømatprodukt, fleire sortar ost og kjøttpålegg pynta med raudt og grønt, og i tillegg god drikke i koppane.
Ein ny, fin dag for både små og store i Sunnylven barnehage.