Ny dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet.

Mary Iren Heggem er ny dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Mary Iren Heggem er ny dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Mary Iren Heggem er tilsett som dagleg leiar ved kunst og servicesenteret Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Ho tek til i stillinga frå 2. april.

Mary Iren Heggem er frå Nordmøre, men har budd på Stranda dei siste fire åra der ho har jobba i resepsjonen ved Stranda Hotell.

Heggem har utdanning innan økonomi og administrasjon, hotell og reiseliv.

Denne veka vart den nye daglege leiaren vist rundt av styreleiar Øystein Ljøen på Peer Gynt Galleriet.
Tysdag 2. april blir den fyrste offisielle arbeidsdagen på hennar nye arbeidsplass. Kor mykje anlegget blir ope framover våren var ikkje bestemt enno.

Styret i Peer Gynt Galleriet a/s er svært godt nøgde med å få Heggem som dagleg leiar, sa styreleiar Øystein Ljøen.
-Å drive anlegget har sine utfordringar, som å få meir ut av den flotte kunsten som bygget huser. Det blir jobba med tiltak for å gjere opplevinga i kunstgalleriet større, noko ein håper å få på plass til sesongen startar i juni, sa Øystein Ljøen.

Peer Gynt Galleriet blir stengt i påska, men opnar for fleire arrangement i mai og dagleg ope frå juni.

Denne veka fekk Mary Iren Heggem overlevert nøklane til Peer Gynt Galleriet av styreleiar Øystein Ljøen.

Denne veka fekk Mary Iren Heggem overlevert nøklane til Peer Gynt Galleriet av styreleiar Øystein Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380