Påskemusikal med Joyful

doc_3408_2

”Har du hørt det” heiter Alf Georg Østebrøt sin påskemusikal. Heilt sidan tidleg på 90-talet har mykje av musikalen blitt framført av ungdomskoret Joyful i Sunnylven kyrkje på palmesøndag.

Tidlegare sokneprest Svein Runde, no prost i Austre Sunnmøre prosti var tilbake og heldt preika i Sunnylven kyrkje palmesøndag, eit gjenbesøk han gav til kjenne at han sette stor pris på.
Spesielt gleda han seg til å høyre påskemusikalen med Joyful, sa han.
Og det vart ei ny, stor oppleving for mange, trur vi.

Musikalen har mange flotte melodiar og tekster og fortel ei sterk historie om Jesus og alt som skjer gjennom påskeveka, frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata til oppstoda fyrste påskedag.
-Dere er mine venner, jeg gir av meg selv- heiter det i teksten i ein av songane.
Det startar med glede, men historia fortel snart om svik og fornektelse etter kvart frå alle hans venner, alt går frå vennskap til hat og folket ropar; korsferst han, slipp Barabass fri!!

Jesus blir korsfest og døyr på Golgata, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av grava.

Syngespelet i Sunnylven kyrkje med Joyful vart ei fin innleiing på påskefeiringa. Mange fann vegen til kyrkja også denne gongen og gleda seg nok stort med det unge koret som har Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim som leiarar.

Imponerte gjorde også 15 år gamle Lars Kvam Karbø, organist i Sunnylven kyrkje då han som postludium spela Toccata i d-Moll av Johann Sebastian Bach.

Joyful har mange flinke solistar i korrekkene. Her er nokre av dei.

Joyful har mange flinke solistar i korrekkene. Her er nokre av dei.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380