Lokalnytt

Sherlock Holmes Pub opnar påskeaftan

doc_3414_2
Sherlock Homes Pub

Etter sesongar med låste dører blir det ny drift i gamle, erverdige Grand Hotel på Hellesylt. Fyrste høve til innsteg blir påskeaftan.

Ramazan Øcal og Hassan Øcal har jobba på spreng for å få sett i stand lokalitetane i det gamle hotellet på Hellesylt. Taket er blitt tetta og eit nyrestaurert kjøkken kan takast i bruk.

Andre formalitetar som inspeksjon frå branntilsynet er godkjent, så laurdag 30. mars opnar dørene til Sherlock Holmes Pub ved Grand Hotel med trubadur på plass.

Påmelding.
På grunn av at hotellet ikkje har fått fast serveringsløyve for øl og vin enno er det søkt om ambulerande løyve.
Difor må dei som ynskjer å besøke Grand pub påskeaftan melde seg på, seier Ramazan Øcal, til tlf. 941 35 096, eller på facebook.
Inngang kostar kr. 150.- og aldersgrense er 20 år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380