Lokalnytt

Skulle aldri bli bonde

Cecilie Bjørlo er mjølkebonde og tillitsvalt i TINE.
Cecilie Bjørlo er mjølkebonde og tillitsvalt i TINE.

Det var to ting Cecilie Bjørlo aldri skulle velje som yrke. Det var lærar eller bonde. Ho vart begge deler og trivast med det.

Cecilie Bjørlo er oppvaksa på gard nær Nordfjordeid. Ho vart mjølkebonde utan at ho tenkte å bli det og vart i fjor valt inn som medlem av konsernstyret i meierielskapet TINE.
Slitsame yrker
Under årssamling i Sunnylven og Stranda Produsentlag sist veke innleia ho si orientering frå meieriselskapet med å fortelje litt om seg sjølv og bakgrunnen for at ho er tillitsvalt i TINE.
Som alle unge skulle også ho velje vegen til eit yrke. Ho var heilt klar på at det var to ting ho ikkje skulle bli og det var bonde eller lærar.
Ho ville ikkje bli lærar fordi ho hadde sjølv opplevd kor stressande og lite triveleg ein skuledag kunne vere med urolege elevar, og ho hadde sett foreldra sine slite utan særleg fritid for å få endane til å møtast i gardsdrifta.

Knappas mjølka ei ku.
Med åra kom dagen då foreldra ikkje orka å halde fram med gardsdrifta lenger og valet kom til Cecilie og syskena hennar. Alle dei andre var ikkje interessert i å overta, så spørsmålet ho stod over for var om ho skulle overta eller om slektsgarden skulle seljast. Ho kunne ingen ting om gardsdrift, hadde ikkje peiling på bakterietall og celletall, ja ho hadde knappast mjølka ei ku før.
Ho valde å bli mjølkebonde saman med sambuar, og det har ho ikkje angra på i ettertid.
I dag driv dei to eit stort mjølkebruk i Eid, både på eigne og leigde areal.

Møtte storoksen.
Bygningsmassen er av eldre dato, men noko modernisert, fortalde ho. Men stadig krevst det vedlikehald, som i fjøset der det har oppstått situasjonar der ho har måtta påkalle hjelp, fortalde Cecilie Bjørlo. Det har hendt at ho har kome i fjøset om morgongen og møtt storoksen berande på fjøsinnreiinga kring halsen.
-Då let eg fort igjen døra og spring og ropar på sambuaren, fortalde ho.
Truleg ei litt påmåla historie, men som vekte stor munterheit under produsentmøtet. Kanskje var der dei som kjende seg igjen i ei liknande historie?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380