Speleplan for damelaget klar

Sunnylven/Stranda frå opningskampen mot Herd 2012.

Sunnylven/Stranda frå opningskampen mot Herd 2012.

Terminlisa for 3. div. kvinner Sunnmøre er klar. Åtte lag er med i serien som startar onsdag 8. mai og blir avslutta torsdag 26. september.

Mellom dei åtte laga som utgjer 3. div kvinner er samarbeidslaget Sunnylven/Stranda. Dei andre laga er FK Sykkylven, Ørsta, Spjelkavik, Bergsøy, Brattvåg, Herd 1. og

Volda A.

Fyrste kamp for Sunnylven/Stranda var sett opp borte mot Bergsøy torsdag 9. mai. Denne kampen blir truleg flytta fram til tysdag 7. mai grunna konfirmasjon.

Det blir fem heimekampar på Hellesylt stadion og to på Stranda stadion med damelaget. Sesongen blir avslutta borte mot Ørsta torsdag 26. september.

Sjå dato og tid for alle heimekampane på aktivitetskalendar.
Sjå heile terminlista her: http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=135284

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380