Sport i helga

Fleire utøvarar frå Sunnylven IL har vore i aksjon i helga og oppnådde gode resultat, både i skiskyting og langrenn. Søndag slo damelaget Stryn, og Sunnylven Fotball melde på sju lag i aldersbestemte klasser.

Junior-NM skiskyting i Sirdal.

Fredag var det normalprogram med fire skytingar.
Trygve Aaland Tryggestad kom i mål til ein sterk 8. plass, 2.55 bak vinnaren Georg Noer Dofzler, Fossum IL .
Helge Kvam Karbø vart nr. 22.

På sprint laurdag kom Trygve Aaland Tryggestad på 24. plass og Helge Kvam Karbø plassen bak.

Under stafetten søndag gjekk dei to på Sogn og Fjordane lag 1. som vart nr. 4, 2.02 bak vinnarlaget frå Buskerud.

Halv-Birken
Søndag 10 mars gjekk det 28. km. lange klassiske langrennet halv-Birken frå Sjusjøen til Birkebeiner Skistadion på Lillehammer.
Her gjekk Anniken Hjellbakk Hole inn til ein flott 3.plass, 3. sek. etter vinnaren.
Anniken Hjellbakk Hole representerer Sunnylven IL i Birkebeinerrennet laurdag 16. mars.

Sunnylven/Stranda vann 3-1 over Stryn.

Med Stine og Kirsti i angrep fekk Stryn stryk og tapte 1-3 på heimebane mot Sunnylven/Stranda søndag.
Det var kalde forhold i Stryn, men spelet varma, spesielt i andre omgang. Då tok Sunnylven/Stranda heilt over og berre ein god Stryne-keeper i Tonje Fannemel hindra eit større tap for heimelaget.
Kirsti Frøysadal Hauge skåra 1-0 for gjestane etter ti minutt. Stryn utlikna på hjørnespark midtvegs i omgangen, og 1-1 var stillinga ved pause.

I andre omgang dundra Maria Berge gjestane i leiing og like etter sette Stine Fivelstad inn 3-1 for Sunnylven/Stranda som vart sluttresultatet.
Ei litt hard bane i Stryn, men ein god treningskamp, spesielt andre omgang var det klasse over, sa trenar Hans Hole som stilte dette laget:

Lillian Aasheim, Tina Jøsok, Linda Vågseter, May-Helen Hole, Kristin Ringdal, Lena Gjerde, Maria Berge, Gro Mari Langleite, Anette Frøysa, Kirsti Frøysadal Hauge, Stine Fivelstad.
Innbyttar: Anne Grete Kjellstadli Langleite.

To lag til Norway Cup
Sunnylven Fotball melder på to lag til Norway Cup. Dei to laga er G16 og J14.
I serien stiller Sunnylven sju lag i aldersbestemte klasser og i tillegg senior herrer i 5. div. og damelag saman med Stranda i 3. div.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380