Sunnylven skulekorps imponerte
Sunnylven skulekorps deltek i Nordvestkonkurransen for korps på Skodje. Fredag kveld presenterte 22 korpsmusikantar eit musikkprogram som kan nå langt i konkurransen.
Etter dei siste øvingane i Sunnylven samfunnshus fekk eit 60-talls publikum høyre korpset under dirigent Trond Otto Berg i generalprøve fredag kveld presentere det som skulle vere korpset sitt musikalske innslag under Nordvestkonkurransen for korps på Skodje. Korpset deltek i klassa skulekorps.
Vi let oss imponere av det vi fekk høyre. Korpset reiser med eit repertoar med fleire Abba-låtar som svinga rett så bra. Vi trur korpset når langt i konkurransen denne gongen.
I Sunnylven samfunnshus fekk vi også høyre aspirantar framføre to melodiar, og kunne konstatere at rekrutteringa til Sunnylven skulekorps er på gang.
Vi let oss stadig imponere av Sunnylven skulekorps. Kva med ein konsert saman med ungdomskoret Joyful, til dømes i Peer Gynt Galleriet? Og kva med eit repertoar prega av Abba-låtar? Det ville svinge og glede unge og gamle, trur vi.
Aspirantar til korpsrekkene i Sunnylven skulekorps, frå venstre Anna Storstein Forbord, Sigrid Imilie Førde Røyrhus, Even Lade, Matti Kjellstadli.